I morgon brakar det laus med Etne Cup - den 39. i rekka.
ARKIVFOTO
I morgon brakar det laus med Etne Cup - den 39. i rekka. ARKIVFOTOBilde 1 av 2
Tysdag vart telta utanfor Skakkesenteret sett opp. Cupgeneral Roar Gundegjerde gler seg til å ta imot spelarar og føresette til den store fotballhelga i Etne.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Etne cup-leiar Roald Gundegjerde har frmelsi eit lite håp om fullverdig cup-Bilde 2 av 2

Klar for rekordstor fotballcup

Årets Etne Cup blir den største nokon sinne.

For ein fotballfest det er vi står framføre. Og då tenker me ikkje å verdsmeisterskapen som blir sparka i gang i Russland i dag. Men på Etne Cup som blir blåse i gang i morgon. Den 39. i rekka – og i år er den rekordstor. 1.600 personar vil setje sitt preg på bygda frå og med i morgon og heilt fram til sundag.

— Cupen var fullteikna i løpet av tre til fire dagar. Det blir 163 lag. I teorien kunne det ha vore enda fleire, for me har hatt 70 lag på venteliste, fortel Etne Cup-leiar Roar Gundegjerde.

Det er andre året på rad at arrangøren opplever at interessa er så stor at dei må setje strek for påmelding etter nokre få dagar.

— Vi er glade for det. Tidleg fullteikning gir oss rom for god planlegging, då veit me tidleg kor mange som kjem, seier Gundegjerde.

Samstundes legg han til at det er trist å måtte si nei til 70 andre lag, som altså ikkje var tidleg nok ute.

Kompakt

Turneringssjefen trur ein av årsakene til suksessen er at Etne Cup bli opplevd som kompakt og oversiktleg, sjølv om det er mange lag med. Med kulturhuset Skakkesenteret som base har ein så godt som alle banene eit fotballspark unna. Det blir taklingar, jubel og sikkert nokre tårer både på den gamle grasbanen, på kunstgraset og på Engebøen.

Me har nok funne oppskrifta på cup for spelarar i aldersgruppa 9 — 13 år
Roar Gundegjerde, Etne Cup

I tillegg blir det spelt 9-arkampar på gras på gamle Steinsvollen. Transport dit blir  organisert med buss.

— Det betyr at når laga kjem fredag, så kan ein parkere og la bilen stå gjennom heile helga, fortel Gundegjerde.

400 på dugnad

På grasbanene har motoriserte grasklypparar gått i lengre tid, og det ser bra ut, seier Etne Cup-leiaren.

God organisering – og at alle laga får spele fem kampar kvar, trur han også tel positivt i konkurransen mot andre cupar.

— Me har nok funne oppskrifta på cup for spelarar i aldersgruppa 9 — 13 år, trur Gundegjerde som har vore «cupgeneral» frå og med 2014.

Og om nokon trur at dugnadsanda i Etne er på hell, så tru om att. Gundegjerde, som har med seg Hans Becker og Anita Larsen, i hovudkomiteen fortel at om lag 400 personar er med og bidreg til arrangementet. Det skal mellom anna lagast mat til svoltne aktive.

— Det blir litt av ei taco-gryte som skal kokast på laurdag når 1.600 magar skal mettast, smiler Gundegjerde.

Gode inntekter

Andre frivillige bidreg mellom anna med å organisere overnatting, parkering, kampar skal dømmast og det skal vere vakthold om natta. Og det er mange liggeunderlag og soveposar som skal rullast ut og krev sin plass. Etne kommune stiller skulen og barnehagen til disposisjon. Det same gjer private Småfolk barnehage.

— Og presten har flytta gudstenesta sundag, slik at også kyrkja kan brukast til overnatting, fortel Gundegjerde.

No er arrangøren mest spent på vêret. Etter tidenes varmaste mai og nokre fine dagar i juni, trugar regnbøyene.

— Men det er ikkje me herre over. Me håper store og små vil kose seg sjølv om det skulle bli litt regn, seier han.

Gundegjerde legg til at dei i år også sett opp eige telt på Steinsvollen, slik at det blir mogeleg å søkje ly for regnet også der.

Ingen i Etne IL har løn for arbeidet som blir lagt ned. Men turnering er svært innbringande for klubben. Tidlegare har Etne IL tent rundt 700.000 kroner.

— Inntektene frå cupen er særs viktige for klubben, og er med på at Etne IL har ein svært låg medlemskontingent samanlikna med dei fleste andre idrettslaga i regionen, seier Gundegjerde.