Krasja i fleire båtar

Ei kvinne i 40-årsalderen er natt til onsdag sikta for båtpromille i Skånevik. Ho køyrde rundt svært berusa i ein liten båt med påhengsmotor. Køyreturen resulterte i kollisjon med fleire båtar som låg til kaien. Skadeomfanget er ukjent, melder Sør-Vest politidistrikt. Båtførar blei tatt med til lege for å sikra bevis.