Økonomi- og administrasjonsleiar Lars Norekvål (til høgre) overtar leiarjobben i Ølen Betong når Svein Atle Berge går over i andre roller i Ølen Betong Gruppen sin aktivitet. Foto: Ølen Betong
Økonomi- og administrasjonsleiar Lars Norekvål (til høgre) overtar leiarjobben i Ølen Betong når Svein Atle Berge går over i andre roller i Ølen Betong Gruppen sin aktivitet. Foto: Ølen Betong

Leiarskifte i betong

Lars Norekvål overtar som dagleg leiar i Ølen Betong AS.

Med skiftet går dagleg leiar Svein Atle Berge inn i ei meir tilbaketrekt leiarstilling i selskapet frå 6. august av, og han skal særleg rette blikket mot utvikling av eigarselskapet Nordic Concrete Groupe som Ølen Betong Gruppen eig saman med Kb Kongsvinger AS.

Nytt leiarblikk

Berge tok over sjefsstillinga i Ølen Betong for nærmare sju år sidan, og meiner det er på tide med eit skifte.

— Vi har tredobla aktiviteten vår i løpet av den perioden, og no er tida inne for eit nytt leiarblikk. Lars Norekvål og eg kjem til å jobbe i tospann, men dei siste åra har det skjedd veldig mykje i selskapa rundt Ølen Betong, og no ønskjer eg å rette meir fokus på Nordic Concrete Group, seier Berge i ei pressemelding frå selskapet.

Eig 40 bedrifter

Norekvål har vore økonomi- og administrasjonsansvarleg sidan januar 2017. Før det jobba han i fleire selskap i entreprenørbransjen.

— Eg overtar leiinga i eit botnsolid og veldrive selskap med god posisjon i marknaden. Dei siste åra har Ølen Betong vore i ei rivande utvikling, og selskapet kjem til å halde same takta i åra som kjem, seier han.

Svein Atle Berge har altså vore dagleg leiar sidan 2011, og han er også leiar for Nordic Concrete Group som vart etablert i desember i fjor saman med grupperinga i Kongsvinger. Dette selskapet har eigarinteresser i over 40 betongfabrikkar over heile landet, inkludert i Ølensvåg.

Dei er i gang med å byggje opp selskapet som ein norsk konstellasjon, og mykje av Berge sitt arbeid blir retta mot Vestlandet, både i nye prosjekt, og med å dra ut gevinstar av å vere ei stor gruppering.