Tina Årvik (t.v.) frå Vikedal vart den åttande vinnaren i Returkartonglotteriet som har adresse i Grannar-distriktet. Administrerande direktør Gro Staveland i HIM gratulerte vinnaren måndag.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Tina Årvik (t.v.) frå Vikedal vart den åttande vinnaren i Returkartonglotteriet som har adresse i Grannar-distriktet. Administrerande direktør Gro Staveland i HIM gratulerte vinnaren måndag. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Ny vinnar frå Vindafjord

Den lokale vinnarlykka i Returkartonglotteriet er stor. Tine Årvik (51) frå Vikedal er den åttande vinnaren frå Grannar-distriktet på åtte år.

— Dette var kjekt. Det har vore drukke mykje mjølk og juice i familien vår, og me har bretta heilt sidan lotteriet starta, det vil seie i 20 år, fortel den galde vinnaren Tine Årvik som til dagleg er lærar ved Vikedal skule.

Måndag vart ho feira med kake og diplom hos Haugaland interkommunale miljøverk (HIM) på Toraneset i Skjold.

Populært lokalt

Sidan 1997 har alle som vaskar, brettar og stappar drikkekartongar samtidig deltatt i Returkartonglotteriet. Om dei har skrive namn og telefonnummer på kartongen, vel å merke. Og ting kan tyde på at lotteriet er ekstra populært i Grannar-distriktet. For sidan 2011 har det vore seks vinnarar frå Vindafjord og to frå Etne kommune. 2014 er faktisk det einaste året utan vinnarar frå Grannar-distriktet om ein tel frå og med 2011.

HIM-sjef Gro Staveland og leiar for informasjon og plan, Magnus T. Hauge, har ikkje den klare fasiten på kvifor den prosentvise delen av vinnarar er så høg i Grannar-distriktet. Men dei trur mykje handlar om kommunikasjon og marknadsføringa.

Grannar står nok sterkt i sine kommunar
Gro Staveland, HIM-sjef

— Vinnarar har ofte vore omtalt i Grannar, og lokalavisa står nok sterkt i sine kommunar. Og me har fått tilbakemeldingar om at praten har gått rundt mange lunsjbord når vinnarar har vore omtalt, fortel Staveland.

Flest kvinner

Skal ein tolke ut frå dei siste 13 vinnarane, så er det kvinner som flinkast til å brette kartongar slik at dei kjem med i returordninga. 11 av dei 13 HIM-vinnarane er nemleg kvinner. I 2013 vann Espira Garhaug barnehage i Tysvær og i fjor kom den første mannlege vinnaren i regionen; Bjørn Otto Sydnes frå Haugesund.

No håpar HIM-leiinga på at den store fisken, premien på 100.000 kroner, skal gå til ein HIM-kunde. Og så minner dei om at du ikkje treng å skrive opp ditt eige namn.

— Om du vil at nokon andre skal vinne premien, ein person eller kanskje eit idrettslag, så er det berre å skrive om namn og telefonnummer på kartongen, fortel ho.

Men i ein av dei nærmaste dagane får altså Tina Årvik 10.000 kroner inn på konto. Ho har ikkje lagt nokon plan for bruken enno.

— Eg er redd det går i det berømte dragsuget, smiler vinnaren frå Vikedal.