Keeper Lars Øvernes og Etne slit med poengfangsten. Her i frå ein kamp mot Ølen tidlegare i sesongen. Arkivfoto: Magne Skålnes
Keeper Lars Øvernes og Etne slit med poengfangsten. Her i frå ein kamp mot Ølen tidlegare i sesongen. Arkivfoto: Magne Skålnes

Sakkar akterut

Torsdag kveld var to av våre lokale lag i 5. divisjon i aksjon på bortebane. Vats 94/Skjoldar var på Bømlo og møtte Rubbestadnes i ein viktig kamp i botnstriden. Men Vindafjordlaget måtte sjå Rubbestadnes gå forbi seg på tabellen, etter at heimelaget vann 3-0. Vats 94/Skjoldar risikerar nå å havne heilt sist på tabellen dersom Stegaberg tar poeng mot Leirvik Ballklubb i morgon.

Etne møtte Nord i Haugesund, og måtte helst vinne for å henge med i toppen. Men Nord vart for sterke, og det vart eitt mål imot i kvar omgang for Etne, som måtte reise heim med eit 2-0 tap. Etne sakkar etter topplaga Vard 2 og Ølen, og har nå óg Nord føre seg på tabellen.

Ølen spelar sin kamp på måndag, og det blir eit reint topp-oppgjer heime i Ølen mot Vard 2.