Mjølkevegen er bildet som fekk flest stemmer i sommarbildekonkurransen i fjor.
Foto: Silje Bakkedal
Mjølkevegen er bildet som fekk flest stemmer i sommarbildekonkurransen i fjor. Foto: Silje Bakkedal

Send inn ditt blinkskot!

Då er det på tide å finna fram kameraet eller ha klar mobiltelefonen til det gode motivet dukkar opp. Grannar sin fotokonkurranse, Årets sommarbilde går nok ein gong av stabelen.

I fjor var det 25 år gamle Silje Bakkedal frå Vikedal som gjekk til topps etter avstemming om det beste sommarbildet. Ho er mjølkebilsjåfør og var på veg heim frå Jæren då ho observerte ein fantastisk solnedgang. Bakkedal gjekk ut av bilen og knipsa vinnarbildet som ho kalla for «mjølkevegen.» Dermed blei ho 2.000 kroner rikare i form av eit gåvekort ho kunne bruka på ein valfri butikk i Grannar sitt distrikt.

Torsdag i neste veke køyrer Grannar i gang sommarsidene 2018 der eit fast element også i år er fotokonkurransen. Den har vist seg å vera svært populær og med mange svært gode bidrag sendt inn til oss i redaksjonen. Gjennom heile sommaren skal det kårast seks vekevinnarar. Desse blir med i ein finale der éin vinnar også i år stikk av med sigeren gjennom avstemming. Det blir i tillegg premiering av tre bilde kvar veke.

Med dette er du invitert til å senda inn bilde til konkurransen. Ta pulsen på sommaren og ver med å set preg på lokalavisa di. Tysdagar klokka 13.00 er sist frist kvar veke, og du sender bildet til: foto@grannar.no eller på SMS til 975 70 789. Hugs god oppløysing på bilda!

Hugs også informasjon om motivet med namn på eventuelle personar, og sjølvsagt namn på fotograf.

Lukke til!

Grethe Hopland Ravn
journalist