Rune Torstenbø (t.h) hadde eit stolpetreff i kampen mot Vard 2. Her i kamp med vatsbuen Espen Haraldseid, som sette inn vinnarmålet til Vard 2. 
Foto: Magne Skålnes
Rune Torstenbø (t.h) hadde eit stolpetreff i kampen mot Vard 2. Her i kamp med vatsbuen Espen Haraldseid, som sette inn vinnarmålet til Vard 2. Foto: Magne Skålnes

Surt tap i toppkamp

Måndag kveld møttest dei to beste laga i den lokale 5. divisjon til kamp på Sr-Bank Stadion i Ølen. Vard 2 kom best igong, og fekk ei tidleg leiing etter eit mål av vatsbuen Espen Haraldseid. Sjølv om gjestene frå Vard 2 var det beste laget i første omgang vart det med det eine målet. Rune Torstenbø hadde eit skot i stonga i omgangen.

Ølen var betre med i andre omgang, men greidde aldri å skåre det forløysande målet. Sjølv om det enda med 0-1, gjorde Ølen ein svært god kamp, og hadde fortent minst eitt poeng etter den gode andreomgangen.

Nå er Ølen seks poeng bak Vard 2, men laget har ein kamp mindre spelt enn Vard 2. Ølen spelar borte mot Leirvik allereide på torsdag, og kan korte ned avstanden til tre poeng før ferien.

Les meir om kampen i torsdagens papiravis.