Tatt i Etne sentrum

Farten blei målt til 71 km/t, og ettersom skiltet viste 40-sone var det ingen veg utanom; førarkortet blei beslaglagt. Politipatruljen som fekk med seg brotet på fartsgrensa på E134 i Etne sentrum måndag kveld, har anmeldt forholdet, opplyser Sør-Vest politidistrikt.