Trafikkulykke i Vats

Klokka 14.05 onsdag opplyste politiet på Twitter at personar sat fast i førarhuset på semitraileren.

Fire minuttar seinare vart det meldt at to personar har kome seg ut og i tryggleik.

Politiet melde først at ulykka skjedde på E134 ved Knapphus, men har korrigert dette til fylkesveg i, cirka éin kilometer i retning Sandeid.

Dei to som var i traileren er av utanlandsk opprinning. Dei er køyrde til legevakt for sjekk.

Køyretøyet var lasta med svinekjøtt.

Vegen vil truleg bli stengd en periode i kveld i samband med bilberging.