Unge Johannes Urdal(t.h) gjorde ein god kamp mot Ole Johannes Stople og Stegaberg. Foto: Magne Skålnes
Unge Johannes Urdal(t.h) gjorde ein god kamp mot Ole Johannes Stople og Stegaberg. Foto: Magne Skålnes

Viktig poeng

Vats 94/Skjoldar berga eitt poeng mot Stegaberg — Målfest i Etne.

Dei siste kampane før ferien i 5. divisjon vart spela fredag kveld, og eit Vats 94/Skjoldar-lag i poengnød hadde besøk av Stegaberg. Bortelaget var det beste laget i første omgang, og leia 0-1 til pause etter ei skåring av Are Søderlund. Men Vats 94/Skjoldar reiste seg i andre omgang, og kaptein Tore B Stokka sette inn utlikninga tidleg i omgangen. Kampen kunne ha vippa begge vegar, men det vart ikkje fleire mål. Eitt poeng er betre enn ingenting for Vats 94/Skjoldar, som ligg på sisteplass. Laget har god kontakt med laga føre seg på tabellen, og ligg i angrepsposisjon før haustsesongen.

I Etne vart det ein merkeleg fotballkamp, der heimelaget kom under med 0-3 tidleg mot Rubbestadnes. Etne kom seg av sjokket, og reduserte til 2-3 før pause. Målskårarar var Thomas Lien og Kenneth Hegerland. Det vart ein ny kalddusj etter pause, då bortelaget auka til 2-4. Men igjen kjempa Etne seg attende og reduserte først ved Marius Øverland. Minuttet før slutt var Kristoffer Grønstad frampå og redda det eine poenget for Etne. Laget ligg med dette midt på tabellen med sine 17 poeng, fem poeng bak Ølen på andre plass.

Les meir om kampane, og få ei oppsummering av vårsesongen i måndagens papiravis.