29 fekk fartsbot

Heile 29 forenkla førelegg blei skrive ut då politiet gjennomførte ein fartskontroll på E134 i Skjold måndag ettermiddag. Kontrollen føregjekk i 60-sona mellom kl. 13.23 og 15.12 og høgaste fart blei målt til l78 km/t. Det er Sør-Vest politidistrikt som melder om storfangsten.