51-18 Båt

Leste avisa og berga båten sin

SISTE: Fredag føremiddag kan lensmann Ingvar Gjærde melde at eigaren har meldt seg etter å ha lest Grannar på nett. Båten hadde slite seg frå si hamn eit stykke ut i Etnefjorden.

Dette var saka Grannar publiserte:

Ei jolle vart funne drivande på Etnefjorden onsdag.

— Den vart funne med motoren oppe, og årar og bensintank intakt. Den har mest sannsynleg slitt seg, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Det er ein 10 fot stor lys grå jolle av merket Delta, med ein 5 hestekreftar stor påhengsmotor av merket Cresent.

Eigar bes kontakt politiet på 02800 eller 51 89 90 00.