Fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad synest det er gledeleg et fleire kvinner tar roret, då det viser seg at dei i fleire tilfelle kan vere betre førarar enn mannlege. Samtidig beklagar han seg over at statistikken totalt viser nedgang i nye båtførarbevis. FOTO: GJENSIDIGE
Fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad synest det er gledeleg et fleire kvinner tar roret, då det viser seg at dei i fleire tilfelle kan vere betre førarar enn mannlege. Samtidig beklagar han seg over at statistikken totalt viser nedgang i nye båtførarbevis. FOTO: GJENSIDIGE

Færre tar prøven

Sjøfartsdirektoratet melder om nedgang i nye båtførarbevis. Samtidig er dei ei auke av kvinnelige båtførarar som har avlagt båtførarprøven.

Sidan 2010 har det vore ei jamn stigning av båtinteresserte som har avlagt båtførarprøven.

Trenden ser nå ut til å snu, sidan Sjøfartsdirektoratet melder om nedgang i nye båtførarbevis enn tidligare år.

Fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad synest det er beklagelig at statistikken totalt viser ein synkande tendens.

— Vi meiner det er viktig at alle som fører ein fritidsbåt, skaffar seg best mogleg kompetanse. Samtidig er det gledeleg at kvinnene tar roret, då det viser seg at dei i dei fleste tilfella kan vere betre båtførarar enn dei mannlege, seier Alvestad.

Noko oppsving i nedgangen

For jamvel om den totale statistikken viser nedgang, har det vore ei oppsving i kvinnelige båtførerar som har sikra seg båtførarbeviset.

Vi meiner det er viktig at alle som fører ein fritidsbåt, skaffar seg best mogleg kompetanse, Lars Alvestad, Fungerande sjøfartsdirektør

Til saman var det ca. 12.000 personar som tok Båtførarbeviset første halvår i år. Av desse var 4.744 kvinner, viser tal frå Norsk Test AS, som administrerer ordninga med båtførarbevis på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet.

Det gir ein kvinneandel på 32,7 prosent, som er ei auke frå 30,2 prosent i same periode i 2017.

Ved første halvår i 2016 var det 16.500 båtførarbevis som vart skrivne ut i same periode.

— Noko av forklaringa kan vere at pensum til båtførarprøven vart noko vanskelegare etter ei justering frå 1.januar 2017. Strykprosenten auka i denne perioden. Men jamvel om vi korrigerar for stryk, var det ei betydeleg nedgang frå 2017, seier Bernt Nilsen, administrerande direktør i Norsk Test.

Færre «eldre» tar beviset

Under den frivillige ordninga som eksisterte frå 1960 og fram til 2010, tok kring 200.000 båtførarbeviset. I løpet av inneverande år vil det totalt bli gitt kring 350.000 nye båtførarbevis, der 70.000 av desse er til kvinner.

Båtførarbeviset er kun obligatorisk for dei som er fødde etter 1.januar 1980, men mange som er fødde før denne datoen, har tidligare år likevel valt å ta prøven.

— Det er ikkje lett å seie om marknaden byrjar å bli «metta» for denne aldersgruppa. Me ventar jo ei viss nedgang på nokre prosent per år, men årets nedgang er mykje større enn forventa, seier Bernt Nilsen.