Vågsbuen og makkeren vann sin alle første kvartfinale i denne prestisjetunge turneringa som denne gongen er avvikla. Dei slo dei canadiske tvillingane McNamara greitt 2-0 (21-14, 21-17).
Dessverre slutta sigersrekka i semifinalen då det finske laget Lahti-Parkkinen blei for sterke og vann 2-1 (21-15, 16-21, 15-12), melder volleyballnytt.net. Og i kampen om bronsen vann Murakami-Ishii frå Japan 2-0 (21-18, 21-17). Trass avslutninga, blei det ei svært oppløftande trestjerners turnering i Tokyo for det norske laget, skriv nettstaden.
Til distriktet
Ingrid Lunde set nå kursen heimover der ho, saman med Vindafjord IL, inviterer til gratis sandvolleyballskule i Vikedal 7. — 8. august. Dette er eit tilbod til barn og unge frå elleve år og oppover.
Landslagsspelaren frå Ølensvåg skal også delta i programmet under Etnemarknaden 10. og 11. august.