Slik såg det ut Sofie Anine Tesdal Røer og hesten Tengil bada i Ilsvatnet ved Auastadstølen i Etnefjellet den første laurdagen i juni 2018. No er vi inne i ei ny godvêrsperiode. 
FOTO: GRETHE TESDAL
Slik såg det ut Sofie Anine Tesdal Røer og hesten Tengil bada i Ilsvatnet ved Auastadstølen i Etnefjellet den første laurdagen i juni 2018. No er vi inne i ei ny godvêrsperiode. FOTO: GRETHE TESDAL

Godvêr heile veka

Knallvêret held fram i Grannar-distriktet i mange dagar framover.

Etter regn kjem sol! Det kan vere ordlyden om ein samanliknar sommarvêret 2017 med 2018. Det gode vêret som har prega dei siste dagane vil halde fram i mange dagar framover.

Tørt på Bluesen

Ifølgje vêrvarselet til yr.no vil temperaturen krype over 20 grader kvar dag, til og med torsdag. Frå då vil det truleg passere skyar innimellom, noko som vil senke temperaturen nokre gradar.

Men det kan truleg planleggast grilling på terrassen likevel, og dei besøkande ved denne vekas stor arrangement i Grannar-distriktet, Skånevik Bluesfestival, kan etter alle solemerker la regnponchoen ligge i skapet.

Til neste veke

Ifølgje langtidsvarselet vil det tørre fine vêret helde seg over neste helg.