Vindafjord kommune overvakar situasjonen og har innført vatningsforbod i fire bygder. Her frå vassverket i Skjold der folk blir oppmoda om å spare på vatnet. Arkivfoto
Vindafjord kommune overvakar situasjonen og har innført vatningsforbod i fire bygder. Her frå vassverket i Skjold der folk blir oppmoda om å spare på vatnet. Arkivfoto

Forbod mot vatning

Fire bygder i Vindafjord bør ikkje sløse med vatnet, er oppfordringa frå kommunen.

— Vi innfører vatningsforbod i nokre av bygdene, og det er inntil vidare ikkje lov å vatne med spreiar og slange i Skjold, Vats, Vikebygd og Vikedal, seier Hildbjørg Fludal i kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune.

— Men folk kan framleis vatne litt i krukkene sine, men ikkje la vatnet stå og renne, legg ho til.

Fylkesmannen uroa

Større badebasseng skal ein heller ikkje fylle opp, er instruksen frå kommunen. Det er kombinasjonen av at enkelte vasskjelder har byrja å minke, kombinert med at det er varsla framleis tørt vêr framover, som er bakgrunnen for restriksjonane.

— Grunnvasstanden er låg og Fylkesmannen har sendt ut varsel om at kommunane bør vurdere bruken av drikkevatnet framover, seier Fludal.

Vurderer situasjonen

Med forsiktig bruk av vatn frå vassverka, er truleg tilgangen stor nok ei god stund framover før det blir meir kritisk, og ytterlegare tiltak må vurderast.

— Vi overvakar kjelda i Sandeid, men så langt er det nok vatn. Minkar det, må vi setje inn restriksjonar der også, seier ho.

I Skjold merkar dei framleis unormalt forbruk som har årsak i lekkasjar i nettet. Fludal seier folk generelt må vere merksame dersom dei ser vatn i terrenget rundt seg der det kan gå vassleidningar. Ho ber publikum varsle kommunen i slike tilfelle.