Slapp med skrekken

Ein bilførar vart av Utrykkingspolitiet vurdert til å ha akkurat så låg alkoholpromille at han fekk køyre vidare under ein kontroll i Vikedal fredag føremiddag.

Til saman vart 108 førarar kontrollert, og alle vart vinka vidare etter å ha blåst i alkometret.