To tatt i promillekontroll

Mistanke om køyring i ruspåvirka tilstand i Skånevik


Utrykningspolitiet vinka inn to mannlige sjåførar i alderen 47 og 52 år i promillekontroll i Skånevik. Dei vart frakta til legevakt for å ta blodprøve etter mistanke om køyring i påvirka tilstand. Begge blir anmeldt , melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Totalt vart 90 sjåførar kontrollert.