Familie til helsesjekk.

Vegen er opna att etter uhellet på Håfoss bru i Etne. Uhellet skjedde like før klokka 14. FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN

Trafikkuhell på E134

Seks personar til sjekk.

av Torstein Tysvær Nymoen

Like før klokka 14 rykte naudetatane ut til ei trafikkhending på E134 ved Håfoss i Etne.

Det var ein bil med seks personar, to vaksne og fire barn, som var inolvert i hendinga. Bilen har køyrd inn i autovernet på brua, og hamna på tvers på brua med skadar i fronten etter hendinga.

— Dei seks personane som var i bilen er frakta til Etne helsestasjon for sjekk. Det er sannsynlegvis ikkje snakk om alvorlege skadar, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm ved Sør-Vest politidistrikt.

Håfoss bru var stengd ein periode etter hendinga, men vart opna att cirka kl. 14.30.