Godt med ein kjølande dukkert i varmen. Her frå Peparen i Skånevik tidlegare i juli.
Foto: Sirianne Vikestad
Godt med ein kjølande dukkert i varmen. Her frå Peparen i Skånevik tidlegare i juli. Foto: Sirianne Vikestad

Ny fylkesrekord – over 34 gradar i Etne

Etne har sett ny fylkesrekord i varmegradar. Den lyder på 34,4 gradar.

Tropevarmen har lagt seg over heile Sør-Noreg i dag, 27. juli, og Meteorologisk institutt har varsla at dette blir årets varmaste dag med temperaturar over 34 varmerekordar enkelte stadar

Ved NIBO, Landbruksets Meteorologiske Tjeneste, sin målestasjon i Etne blei lufttemperaturen kl. 12.00 fredag målt til 31,1 gradar. Årsrekorden i Etne er på 32,7 gradar frå 30. mai i år, som også er gjeldande noregsrekord for mai.

Her kan du fylgja målinga til Biofosk sin målestasjon i Etne.

Uoffisielt har Grannar registrert over 32 gradar i dag i Etne.

Varselet om Syden-temperaturar har fått NRK til å laga ein oversikt over gjeldande varmerekordar i landet. Noregsrekorden er frå Nesbyen på 35,6 gradar målt 20. juni 1970.

Vossavangen har rekorden i Hordaland og den er på 34,1 gradar, registrert 24. juli 2014. Sola har fylkesrekorden i Rogaland på 33,5 gradar og blei målt 10. august 1975.

Ny rekord

Meteorologisk institutt si siste Twitter-melding like før kl.13.30 viser at temperaturen i Etne har nådd 32 gradar, som er nestvarmast i landet, etter Rygge (32,4 gradar).

— Etter ein varm fredagskveld, kjem ei heit natt til laurdag. Det blir tropenatt langs store deler av kysten i Sør-Noreg, men natt til søndag blir det ikkje like varmt, twitrar meteorologane.

Kl 14.00 hadde temperaturen i Etne stige til 32,4 gradar. Halvannan time seinare blei den målt til 34,4 gradar, melder Yr.no. Ifylgje TV 2 er dette så langt Noregs varmaste stad i dag.

Dermed har Etne slått Voss sin fire år gamle fylkesrekord på 34,1. Ved Meteorologiske institutt sin stasjon i Nedre Vats blei det målt 32,2 gradar som er varmaste registrering der.

I landet blei det registrert tropenatt (over 20 gradar) ei rekkje stader i natt, men ikkje på dei offisielle målepunkta i Etne og Vindafjord.

Kjelde: Meteorologene på Twitter