Utsikten frå Hårlandsnepane er spektakulær.
DRONEFOTO: SVEIN EGIL ØKLAND
Utsikten frå Hårlandsnepane er spektakulær. DRONEFOTO: SVEIN EGIL ØKLANDBilde 1 av 6
Skribenten er opptatt av rett skrivemåte på lokale stadnamn, som Nepadn, her fotografert frå Hårland.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Skribenten er opptatt av rett skrivemåte på lokale stadnamn, som Nepadn, her fotografert frå Hårland. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 6
Dei fire stegane på veg opp frå Hårland skil turopplevinga frå mange tradisjonelle toppturar.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dei fire stegane på veg opp frå Hårland skil turopplevinga frå mange tradisjonelle toppturar. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 3 av 6
Haugesund turistforening si hytte ved Løkjelsvatn er ein fin rasteplass på veg til Hårlandsnepane.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Haugesund turistforening si hytte ved Løkjelsvatn er ein fin rasteplass på veg til Hårlandsnepane. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 4 av 6
Skomakernibba i Vikedal - døme på fotomotiv som er aktuelle i Grannar sin fotokonkurranse. Foto: Inge Hebnes Hårajuvet
Skomakarnibba i Vikedal stikk seg ut over Vikedalsdalen og gir ein fantastisk utsikt. Også eit ynda turmål for turgåarar. Foto: Inge Hebnes HårajuvetBilde 5 av 6
Dette fotoet blei trekt ut som vinnarbildet i fjor. Ørnenibba er Ølmedal si eiga «Trolltunge» og ligg mellom Breiaskar og Tinden. Konkurransen gjorde at mange fekk auga opp for denne ukjente attraksjonen. Foto: Bodil Imsland
Ørnenibba ovanfor Ølmedal er eit ynda turmål for mange fjellvandrarar. Også her ragar nibba fleire hundre meter over bakken, og ein skal ikkje vera så redd for høgda om ein vågar seg ut på tuppen. Foto: Bodil ImslandBilde 6 av 6

Utsikt med potensial

Kan dei spektakulære Hårlandsnepane i Etne løfte Grannar-distriktet som reisemål? Ja, meiner fleire.

Interessa for Hårlandsnepane i Etne er på veg opp. Og med turistlokomotiv som Preikestolen og Trolltunga, med Etnefjella midt i mellom, er det fleire som trur at det kan liggje eit stort potensial for lokalt reiseliv i å markedsføre Etne sin mest spektakulære fjellformasjon i inn- og utland.

— Eg har rett nok ikkje vore på Himakånå i Tysvær, som får mykje merksemd for tida. Men ut i frå det eg har sett av bilete, trur eg ikkje Hårlandsnepane står tilbake for Himakånå når det gjeld luftige opplevingar, seier hobbyfotograf Svein Egil Økland.

SJÅ SVEIN EGIL ØKLAND SIN EVENTYRLEGE DRONEVIDEO: HÅRLANDSNEPANE.

Han har fotografert Hårlandsnepane i mange år, og var første gong ute ved stupa i 1992. Han publiserte flotte dronevidoar frå staden på nettstadane Facebook og Youtube i fjor.

— Det tok ikkje lang tid før eg hadde 20.000 visningar av dei, fortel han.

650 meter høgt

Fjellformasjonen ligg inst i Litledalen, og er godt synleg for dei som køyrer den kommunale vegen frå Litledalen kraftstasjon og opp til Skarstøl. Heile vegen kan du sjå «nepane» som stikk ut som store mørke taggar frå det elles jamme toppen av stupet, om lag 650 meter over havet.

Det er i hovudsak to anbefalte ruter til nepane. Den eine går frå Hårland, via Stegane. Ei godt merka rute på 2,5 kilometer som går til Haugesund turistforening si hytte ved Løkjelsvatn. Mellom 1 og 1,5 timars gange. Namnet har ruta fått fordi ei må opp fire stegar som er bolta fast i fjellet. Stegane er høgst overkommeleg, og sjølv dei som har berre moderat høgdeskrekk, bør du kunne klatre dei greitt.

LES OGSÅ: Tapte veddemål – måtte skite frå stupet

Ein kan også gå frå parkeringsplassen på Skarstøl. Her er det utvilsamt også best parkeringsmoglegheiter. Mens det på Hårland berre er lagt til rette for 4-5 biler, så er det plass til hundrevis av bilar på Skarstøl. Frå Skarstøl går ein i retning Grindheimstølen, og følgjer merka løype mot Løkjelsvatnhytta der frå. Det tar om kring to timar til hytta i vanleg tempo.

«Suget i magen når du står der oppe, på klippene som stikker ut i løse luften, kan ikke forklares, den må oppleves. Fantastisk! Verken mer eller mindre. Punktum.»

turanbefalinger.com

Frå Løkjelsvatnhytta er det ein liten kilometer, 30-40 minuttars gange, ut til sjølve nepane. Her er det ikkje merka på anna vis enn med varding, men sjølv for ukjende er det relativ greitt å ta seg fram, om sikta er god, vel å merke.

Sjølve nepane består av fire «tenner» som stikk opp og ut frå fjellet. Dei tøffaste klatrar opp på taggane, men då skal ein vite kor ein set føtene, for god plass er det ikkje, og stupet mot Hårland er på fleire hundre meter rett ned.

Formasjonen er førebels ikkje så kjend for folk som ikkje har tilknyting til Etne, men nettstaden turanbefalinger.com skriv følgande etter å ha klatra opp på nepane:

«Suget i magen når du står der oppe, på klippene som stikker ut i løse luften, kan ikke forklares, den må oppleves. Fantastisk! Verken mer eller mindre. Punktum.»

Utsikta over Hårlandsvatnet og heilt ned til Etnefjorden er eventyrleg flott! Samtidig skal ein vera forsiktig, for akkurat som ved Trolltunga, Preikestolen og andre stup skal ein vere aktsam. Feiltrinn kan vere fatale.

— Det ligg eit potensial her

I Etne er det etablert eit reiselivsforum kor det offentlege og private aktørar diskuterer utfordringar og moglegheiter. Asbjørn Moe i Fikse næringsutvikling, som er vertskap for forumet, fortel at dei i kjølvatnet av Svein Egil Økland sine publiserte dronevideoar har diskutert kva moglegheiter som ligg i ei eventuell marknadsføring av det spesielle fjellet som eit turmål. På møtet var også Økland, som viste fram sine videoar.

— Me ser at det ligg eit potensial her. Men skal ein setje i gang med noko er me opptatt av at me ikkje blir ein del av ein hype som går over av seg sjølv, men at det kan utviklast som eit langsiktig og berekraftig turistmål, seier han.

Han meiner potensial for inntening vil liggje i å lokke turistar til fleire overnattingar i Etne, og dermed også auka handel, i tillegg til parkeringsinntekter i fjellet. Å ta betalt for å gå i naturen er det elles ikkje høve til, jamfør den lovbestemte allemannsretten.

Ein må tenkje nøye gjennom kva slags attraksjonskraft det har og korleis kundeopplevinga blir

Vigleik Dueland, Destinasjon Haugesund og Haugalandet

Vigleik Dueland er dagleg leiar i Destinasjon Haugesund og Haugalandet. Han fortel at interessa for aktiv ferie, til dømes med turar i fjellet, er sterkt aukande også blant utlendingar. For tida jobbar det regionale destinasjonsselskapet med å promotere Himakånå i Tysvær, i samarbeid med reiselivsnæringa i Stavanger-regionen. Ein fjelltopp som har hatt tusenvis av besøkjande etter at interessa tok seg opp for nokre få år sidan. Dueland har vore med på samtalene om Hårlandsnepane, og også han trur det ligg eit potensial der.

— Det vil vere veldig kjekt for regionen om vi får til fleire drivarar til å få turister til å bli nokre dagar ekstra i regionen vår, meiner han.

— Krev førebuing

Men Dueland understrekar at ei satsing krev god førebuing, og at ein har mykje å lære av korleis den rivande utviklinga for Trolltunga i Odda har vore.

— Ein må tenkje nøye gjennom på kva slags attraksjonskraft det har og korleis kundeopplevinga blir, seier han.

Han trekk fram at det må leggast til rette for parkering, lagast gode kort og at stiar må merkast godt.

Dueland ser det ikkje som grunneigar sitt ansvar å legge til rette for turisme.

— Det er kommunen som må bu seg på å gjere ein innsats, seier Dueland.

Ut i frå erfaring andre stader ser ein at det kan kome folk frå heile verda, i all slags form og utstyr – kanskje ikkje ein gong med skikkeleg skotøy

Erik Kvalheim, rådgjevar i Etne kommune

Han viser mellom anna til erfaringane Odda kommune har gjort seg etter at interessa for Trolltunga eksploderte.

— Enten det er positivt eller negativt, så er det kommunen som vil få trykket, seier Dueland.

Vil vente på grunneigarar

Rådgjevar Erik Kvalheim i Etne kommune seier på generelt grunnlag at kommunen er interessert i å utvikle reiselivet i Etne, men at ei eventuell satsing knytt til Hårlandsnepane er eit komplekst tema. Ikkje minst knytt til tryggleiken til dei som vel å ta turen.

— Ut i frå erfaring andre stader ser ein at det kan kome folk frå heile verda, i all slags form og utstyr – kanskje ikkje ein gong med skikkeleg skotøy, seier han.

Han seier at kommunen uansett ikkje vil gjere noko før det eventuelt kjem eit initiativ frå grunneigarar i området.

Grannar har ikkje lukkast å få grunneigarlaget i tale, men får stadfesta frå fleire hald at ei turistsatsing er noko som snakkast om – og at det er delte meiningar om temaet.

Har du tatt bilete frå Hårlandsnepane som du vil dele med Grannar sine lesarar? Send e-post til redaksjon@grannar.no eller MMS til 975 70 789