Jone Tveit er eigar i Tveit Regnskap AS som har hovudkontor på Liaheia i Skjold. Nå har han seld store deler av konsernet
ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Jone Tveit er eigar i Tveit Regnskap AS som har hovudkontor på Liaheia i Skjold. Nå har han seld store deler av konsernet ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL

Blir størst på Vestlandet

Tveit Regnskap AS kjøper konkurrent i Bergen.

Tveit Regnskap AS, som har hovudkontor i Skjold i Vindafjord, har kjøpt alle aksjane i Vangdal Regnskap AS i Bergen.

— Oppkjøpet gjer Tveit Rengskap til den største uavhengige aktøren innan rekneskap på Vestlandet, skriv selskapa i ei felles pressemelding.

Avtalen trer i kraft ved nyttår.

— Både Tveit Regnskap og Vangdal Regnskap har eit solid fundament heilt tilbake til høvesvis 1969 og 1988. Ei samanslåing av desse solide selskapa vil gje gode synergieffektar innan kompetanse og framtidig utvikling,

Byter beite

Seljar av Vangdal Regnskap, Tarjei Vedå Vangdal, ønskjer ifølgje pressmeldinga å fokusere 100 prosent på nye forretningsområde etter å ha drive rekneskapsbyrå i 30 år, og dette skal vere hovudgrunnen til at han sel livsverket.

Tveit Regnskap vil etter oppkjøpet telje 215 tilsette med 18 kontor fordelt på Rogaland, Sunnhordland, Bergen og Oslo, og styrkar med dette eit allereie breitt spekter av tenester.

— Oppkjøpet set Tveit Regnskap i stand til å vidareutvikle organisasjonen til beste for tilsette og kundar. Tveit og Vangdal har mange komplementære styrker, som vil gjere oss til det naturlege førstevalet i bransjen, seier Jone Tveit som er eigar og leiar i Tveit Regnskap.

Gode tal

Vangdal Regnskap har 35 tilsette, har hovudkontor i Bergen og eit avdelingskontor i Oslo. Verksemda omsette for 33 millionar i fjor og hadde eit resultat før skatt på 2,9 millionar kroner.

I 2017 omsette Tveit Regnskap for 127,4 millionar og oppnådde eit resultat før skatt på 14,1 millionar kroner. Selskapet har før oppkjøpet 180 tilsette. Hovudkontoret ligg i Skjold og dei har avdelingskontor i Bergen, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Haugesund, Husnes, Karmøy, Odda, Rosendal, Sand, Sauda, Stavanger, Stord, Tysvær og Ølen.