Røykutviklinga var stor under brannen i driftsbygningen.
Foto: Øystein Silde Frønsdal
Røykutviklinga var stor under brannen i driftsbygningen. Foto: Øystein Silde FrønsdalBilde 1 av 3
Store brannstyrkar er sett inn etter at det blei meldt om brann i ein driftsbygning på ein gard i Stordalen i Etne.
Foto: Øystein Silde Frønsdal
Store brannstyrkar er sett inn etter at det blei meldt om brann i ein driftsbygning på ein gard i Stordalen i Etne. Foto: Øystein Silde FrønsdalBilde 2 av 3
Rundt 35 ungdyr brann inne, men mjølkekyrne kom sege ut.
Foto: Øystein Silde Frønsdal
Rundt 35 ungdyr brann inne, men mjølkekyrne kom sege ut. Foto: Øystein Silde FrønsdalBilde 3 av 3

Rundt 35 dyr brann inne

Ingen personar kom til skade, men fleire kyr skal vera omkomne då det oppstod brann i eit fjøs i Etne onsdag ettermiddag.

Brannalarmen gjekk like før kl. 16.00 då det kom melding om brann i ein driftsbygning på Kvamsvegen ved Stordalsvatnet i Etne. Politiet meldte tidleg at bygningen var overtent og at det var kyr inne i fjøset.

Operasjonsleiar Helen Strand ved Sør-Vest politidistrikt opplyser til Grannar i 17-tida at det var 75 kyr i besetninga, men at dei fleste var ute på beita då brannen oppstod.

— Me har snakka med gardeigar og fått opplyst at 40 kyr var ute på beite. Kor mange av dei resterande som har omkome, har me førebels ikkje oversikt over, seier Strand.

Ho seier at det er veterinær på staden i tilfelle det er skadde dyr som treng hjelp. Det er framleis for mykje røyk i fjøset til at mannskap kan få oversikt inne i fjøset.

Stor mobilisering

Dei første meldingane gjekk ut på stor spreiingsfare til andre bygningar og skog, men denne situasjonen er nå under kontroll, opplyser operasjonsleiaren.

Strand seier at det var folk frå familien heime då brannen oppstod og at det tidleg blei klart at det ikkje var folk inne i det brennande bygget. Brannen utvikla seg med kraftige flammar og mykje røyk, og det meste tyder på at heile bygningen er skadd.

Det blei straks slått storalarm med utrykking av tre politibilar, fem brannbilar, ambulanse og veterinær til garden nokre kilometer aust for Etne sentrum. I tillegg til brannmannskap frå Etne og Skånevik, deltok mannskap frå Ølen brannvesen i nabokommunen Vindafjord.

Også bønder i området kom hjelpande til i sløkkinga ved å ha med seg vatn. Sidan bruket ligg nær Stordalsvatnet, var det rikeleg med vatn å henta til sløkkinga.

Siste

Ca. 35 kyr har brunne inne, melder politiet like før kl. 19.30.

— Ettersløkking pågår. Vassmangel har gjort sløkkingsarbeidet utfordrande, melder Sør-Vest politidistrikt.

Politiet sin innsatsleiar på staden rosar nabobøndene for veldig god hjelp både med å frakta vatn til garden, med å forsøka å få ut dyr og med å ta seg av dei dyra som klarte seg.