To bilar krasja front mot front på ølensida på Fikse laurdag kveld.

Det blei køar på Fikse då to bilar kolliderte front mot front laurdags kveld. Foto: Gunhild Aksdal

Front mot front

To bilar krasja front mot front på ølensida på Fikse laurdag kveld.


Politiet i Sør-Vest melder rett før klokka 21.00 laurdags kveld om ei bilulukke på E134 i Ølen, like aust for Olalivegen. Det er to bilar med fire personar som er involvert i ein frontkollisjon.

Politiet melder om at to personar er uskadde og at dei to andre tilsynelatande har fått lettare skader. Dei blir tatt med i ambulanse for sjekk.