Ingen reaksjonar

To kontrollar i Vindafjord.


Politiet gjennomførte måndag to kontrollar av trafikken i Vindafjord. I samband med skulestart var etaten på post ved Ølen skule tidleg på dagen. Litt seinare var UP i aksjon på E134 i Vats. Her var det promillen som blei kontrollerte. 51 sjåførar måtte gjennom testen. Resultatet var ingen reaksjonar, melder Sør-Vest politidistrikt.