Ingen skadde

Eit steinras la seg over begge køyrefelta på E134 i Åkrafjorden tidleg torsdag kveld. Skredet kom mellom bomstasjonen og Eljarviktunnelen like vest for Fjæra, ein kjent rasstad. Sør-Vest politidistrikt melder at ingen bilar kom til skade. Raset førte til trafikale vanskar, men vegen blei opna i løpet av kvelden. Det var truleg kraftig regn som utløyste skredet.