Ølen er i Norway cup med to G14-lag. Her er andrelaget i aksjon mot Emblem. Ølen sine spelarar frå v, er Johannes Sortland, Anders Gjerde, Christian Eitrheim og Glen Landa.
Foto: Vidar Alfarnes
Ølen er i Norway cup med to G14-lag. Her er andrelaget i aksjon mot Emblem. Ølen sine spelarar frå v, er Johannes Sortland, Anders Gjerde, Christian Eitrheim og Glen Landa. Foto: Vidar Alfarnes

Kjempar om sluttspel

Lag frå Ølen kjempar i dag om å få fortsetje å vere med på den store fotballfesten på Ekebergsletta i Norway Cup 2018.

Store jubelscenar gjekk av på bane 31 på Ekebergsletta i dag, då Ølen G14 gr. 2 vann sin første kamp i B-sluttspelet.

Dei måtte vinna kampen i dag mot Fron Fotball 2010, om dei skulle få fortsetje spelet på Ekebergsletta. Og dette klarte fotballspelarane frå Ølenslaget med glans då dei scora heile fire mål mot Fron. Stillinga vart til slutt 4-2 til Ølen, som nå må gjere seg klare til nok ein kamp i kveld mot If Kilkameratene i 16-delsfinalen klokka 18.45.

Andrelaget har hatt ei betre inngang til Norway Cup enn sitt førstelag, som har måtte bite i det sure eplet og gå av banen utan poeng i alle sine kampar. Ølen G14 gr. 1 hadde siste sjanse til å henge med i spelet mot Sædalen IL i dag, men også i denne kampen vart det tap for ølenslaget.

Tøff motstand i puljespelet

Ølen G14 gr. 1 har hatt tøff motstand i si pulje og kjempa forgjeves etter poeng i gruppespelet. I den første kampen møtte dei eit sterkt lag i Elverum (rød) og tapte 1-2. Trenden ville ikkje gi seg i dei neste kampane mot Nest-Sotra og RYSA som enda med resultata 0-3 og 1-2.

Ølen G14 gr. 2, som skal spele enda ein kamp i dag, hadde ein betre førstekamp enn sitt førstelag i puljespelet på Ekebergsletta og vann mot Elverum (hvit) med stillinga 4-3. Dessverre vart det hardare i kampen om poenga i dei neste kampane, slik at stillinga vart 0-2 og 1-2 i favør Abildsø IL og Emblem IL.

Det ser ut til at andrelaget har funne vinnarlysta igjen, etter kampen mot Fron Fotball i dag, og med førstelaget på sidelinja med heiarop blir det ein spennande kamp på Sletta i kveld.

Karra seg til B-sluttspel

Store jubelscenar var det også å finna blant Ølen G15 då dei klara å sikre seg poeng mot Åga IL med uavgjort i den siste puljekampen. Med 4 poeng er dei vidare til 16-delsfinale mot Mjølner FK. Kampen blir blåst i gang allereie i dag kl. 14.30.

Oppdatering: Kampen mot Mjølner FK enda med 4-5 til Mjølner og dermed er Ølen sitt G15 lag ute av Norway Cup i denne omgang.

Vindafjord J15 gjekk vidare med 6 poeng etter to sigrar og eitt tap i puljespelet og skal til ny dyst på torsdag når dei møter Otta IL i A-sluttspelet.

Blir det siger i denne kampen må dei skunde seg med å lade energien, for den treng dei når dei møter Oppdal IL i 8-delsfinale seinare same dag. Men først skal dei jakte i bakrommet til Otta IL.

Du kan lese meir om kva som skjer på Ekebergsletta i torsdagens papirutgåve.