Kontroll i Skånevik

Den siste veka har politiet gjennomført ei rekkje kontrollar i Etne og Vindafjord i samband med skulestart. Torsdag morgon var turen komen til Skånevik skule. 16 sjåførar blei kontrollerte, blant anna for mobilbruk og belte. Ingen reaksjonar, melder Sør-Vest politidistrikt.