Kontrollerte 53

Laurdag gjennomførte politiet trafikkontroll langs E134 i Ølensvåg frå klokka 09.45 og fram til 11.00. Kontrollen fokuserte på bilbelte og promille, og av dei 53 bilførarane som blei sjekka, var det ingen som fekk reaksjonar, melder Sør-Vest politidistrikt via Twitter.