Jubla for siger. Bjørn Kjetil Skipevåg har verkeleg prestert under LS i Stjørdal. Torsdag vann han finalen i felthurtigskyting.
Foto: Vidar Alfarnes
Jubla for siger. Bjørn Kjetil Skipevåg har verkeleg prestert under LS i Stjørdal. Torsdag vann han finalen i felthurtigskyting. Foto: Vidar Alfarnes

Etterlengta jubelfeiring

Vikedal og Imsland skyttarlag sikra seg ei topp-plassering då Bjørn Kjetil Skipevåg (48) gjekk til topps i felthurtigskytinga under Landsskytterstevnet.

Den raske skyttaren frå Vikedal var suveren i finalen. Skytinga gjekk over tre rundar, men alt etter to skytingar kunne Bjørn Kjetil Skipevåg jubla for siger.

— Dette var fortent. Eg har vore i fem finalar før, så nå var det min tur, sa 48-åringen til NRK under tv-sendinga torsdag kveld.

Til Norsk Skyttertidende innrømer vikedalsbuen at han trudde at han skulle vinna årets felthurtigøvelse på Landsskytterstevnet.

— Sist eg var i ein felthurtigfinale var i 1995. At eg skulle vinna hadde eg aldri drøymt om. Men det betyr enormt mykje for meg, fortel 48-åringen som har ein pallplass frå før.

Dei siste 20 åra har Skipevåg ikkje satsa på felthurtig.

— Eg pleier å ta ti gjennomføringar på øvelsen før LS, men flyt vel på gammal trening, påpeikar han overfor DFS.

Skipevåg skyt få stemne, men LS pleier familien å ta med seg. Han skaut svært godt gjennom heile finalen som blei vist på tv, og slo den andre finalisten, Frank Willy Lie Bråten frå Trysil med god margin.