Vinnaren av Årets sommarbilde, elleve år gamle Maria Tjelmeland saman med redaktør Arne Frøkedal.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vinnaren av Årets sommarbilde, elleve år gamle Maria Tjelmeland saman med redaktør Arne Frøkedal. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 2
Vinnarbilde Slåttetid. 
Foto: Maria Tjelmeland
Vinnarbilde Slåttetid. Foto: Maria TjelmelandBilde 2 av 2

Maria (11) vann fotokonkurranse

Ho er glad i ta bilde og har eit unikt auge for gode motiv. Det førte elleve år gamle Maria Tjelmeland frå Etne til siger i Grannar sin fotokonkurranse, Årets sommarbilde.

— Vann eg? Dette var overraskande. Pappa sa me skulle handla, seier Marie Tjelmeland og kikkar undrande på diplomet ho nett har fått overrekt av redaktør Arne Frøkedal inne i lokalet til Grannar.

— Eg visste ingenting om dette, seier ho og smiler breitt.

Handleturen saman med pappa blei litt annleis denne dagen. I staden for å ta turen innom butikken som avtalt, gjekk turen til lokalavisa sine lokale i Etne senter. Der venta diplom og premie for førsteplassen i konkurransen Årets sommarbilde, og utan at vinnaren visste noko på førehand fekk ho overrekt vinnargåvene til stor applaus frå dei andre tilsette i lokalavisa.

— Pappa lurte meg. Det var pappa som sende inn bildet også. Eg visste ikkje at eg var med før eg sår bildet mitt i avisa, seier ho.

Sommarbilde

Kvar sommar inviterer Grannar lesarane til å senda inn sine eigne sommarbilde. Konkurransen går over seks veker og kvar veke blir det plukka ut eitt bilete som lesarane til slutt kan stemma fram som vinnar av Årets sommarbilde via grannar.no eller på Etnemarknaden. I år var det elleve år gamle Maria Tjelmeland sitt bilde med motiv frå slåtten heime på garden i Etne, som fekk flest stemmer og som gjekk av med sigeren.

Eg visste ikkje at eg var med før eg sår bildet mitt i avisa
Maria Tjelmeland (11)

Det flotte sommarbildet tok elleveåringen under slåttonna i sommar heime på garden Sæbø i Etne. Gjennom spegelen på traktoren skimtar ein eit par gardshus og framfor traktoren ligg ferdig slått.

— Eg sat på med pappa på traktoren. Plutseleg såg eg at sola var bak spegelen og då sa eg at pappa måtte stoppa, fortel Maria som straks henta fram mobiltelefonen og knipsa blinkskotet mange fall for.

— Eg er veldig fornøgd med bildet, seier ho.

Ivrig fotograf

Den unge vinnaren har lenge vore opptatt av fotografering. Mobilen har ho med seg overalt og når eit motiv dukkar opp nyttar ho høvet til å sikra seg eit godt bilde.

— Eg synest det er kjekt å ta bilde. Eg tek masse bilde og somme gonger får eg fine bilde. Eg likar å fotografera soloppgang og solnedgang, hunden min og når er går tur, fortel vinnaren som har planar om å bli handballspelar når ho blir stor.

Kva ho skal bruka pengepremien, ein gåvesjekk på 2.000 kroner, til har ho ikkje heilt bestemt seg for, men data står høgt på ynskjelista.

— Eg må ha data til å lagra bilde på. Då kan eg laga album, seier den fotoglade vinnaren.

Populær konkurranse

Årets sommarbilde er ein populær konkurranse blant Grannar sine lesarar og kvar gong kjem det inn fleire hundre stemmer under avrøystinga. Årets bilde fekk nok stemmer til å gå av med ein klar siger.

— Ho vant med god margin, og det var eit godt bilde som har fenga mange, seier redaktør Arne Frøkedal og lovar ny konkurranse til neste år.

— Dette er ein konkkurranse me har hatt i mange år og som engasjerer mange. Det blir ny runde neste sommar, seier han.