Avlorleg skada etter MC-ulykke

Velta på E134 ved Knapphus.

MC-føraren som tysdag kveld velta på E134, om lag ein kilometer vest for Knapphus, er alvorleg skada. Tilstanden er stabil, fekk Grannar opplyst ved Stavanger universitetssjukehus onsdag føremiddag.

Luftambulanse

Politiet fekk melding om ulykka klokka 16.09. Mannen, som var på gjennomreise i Grannar-distriktet, skal ha blitt kasta over autovernet i samband med ulykka. Mannen er fødd i 1965 og er busett i ein kommune på ytre del av Haugalandet.

Mannen skal ha vore oppegåande etter hendinga, men vart flydd frå staden med luftambulanse.

Ulykka skjedde midt i rushtida og det danna seg køar etter ulykka.

Ulykkesgruppa på plass

— Statens Vegvesen si ulykkesgruppe arbeidde på staden utover kvelden og motorsykkelen vart tatt med til Haugesund for tekniske undersøkingar, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Mannen var åleine på motorsykkelen.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend.