Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til politisk debatt på Etnemarknaden.
Foto: Marte Garmann
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til politisk debatt på Etnemarknaden. Foto: Marte Garmann

Røe Isaksen til Vindafjord

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) besøker denne veka Vindafjord og Odda.

I Vindafjord skal statsråden besøka IT-bedrifta Omega i Ølensvåg og slakteribedrifta Fatland Ølen AS. Omstilling etter oljenedturen vil blant anna stå på agendaen.

— Omstilling til nye marknader, og bruk av eksisterande teknologi til nye føremål er viktig for konkurransekrafta til norske bedrifter. Eg gler meg til å få høyra meir om kva næringslivet i Ølen og Ølensvåg gjer for å sikra langsiktig konkurransekraft og arbeidsplassar, seier Rød Isaksen i ei pressemelding sendt ut frå sitt departement.

I Odda og Tyssedal skal Røe Isaksen innom Boliden og Tizir. Besøka i Vindafjord og Odda er eitt av fleire besøk næringsministeren skal ha til norske industribedrifter over heile landet denne hausten. Statsråden er særleg opptatt av industrien si satsing på teknologi og digitalisering.

— Utviklinga av ny teknologi og auka digitalisering skjer i ein veldig rask fart. Ei utfordring for norske industribedrifter er å halda følgje med utviklinga, slik at dei ikkje blir konkurrert ut og går ut på dato. Eg vil høyra om utfordringane, og korleis me kan jobba saman for å løysa dei. Dette er viktig for norske arbeidsplassar og for ein berekraftig velferdsstat, seier Røe Isaksen.

I Vindafjord blir næringsministeren tatt med på båttur forbi andre bedrifter i den sterke næringsklynga inst i Ølsfjorden.