Det tyske følget som var ved Langfoss, kor ein hamna i fossen, fekk oppfølging av helse og politi ved Åkrafjordtunet.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det tyske følget som var ved Langfoss, kor ein hamna i fossen, fekk oppfølging av helse og politi ved Åkrafjordtunet. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 2
Ein tysk turist hamna i Langfossen torsdag. 
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ein tysk turist hamna i Langfossen torsdag. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 2

Ramla i Langfoss

Hendinga skjedde 300 meter opp i fossen.

Klokka 12.06 torsdag fekk politiet melding om at fleire personar hadde falle i Langfoss i Åkrafjorden.

— Naudetatane og redningshelikopter var på veg. Klokka 12.21 fekk vi melding om at alle hadde kome seg opp sjølv. Dei er blaute og kalde, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Éin i fossen

Det viste seg seinare at det var snakk om ein person.

— Minst ein, opplyste operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt Jostein Reiestad til Grannar klokka 12.45.

Hendinga skal ha skjedd på 300 høgdemeter ved fossen.

— Meldinga me fekk først vart ganske dramatisk, så me kalla ut fleire ressursar, fortel operasjonsleiar Jostein Reiestad til Grannar.

Fire tyskarar

I tillegg til redningshelikopter vart dykkerteamet til Haugaland interkommunale brannvesen kalt ut saman med politi og ambulanse.

Då det kom melding om at alle var på land vart redningshelikopteret kalla tilbake.

Politiet melde klokke 13.19 at følget på fire tyske turistar har kome ned frå stien ved Langfoss. Det er snakk om éin person som har ramla i fossen, og han var med i følget ned.

Dei får no oppfølging av politi og helse som har installert seg på Åkrafjordtunet.