Ti fartsbøter

UP gjennomførte torsdag ettermiddag fartskontroll i 80- og 60-sona på E134 aust for Ølen. Ingen reaksjonar i 80-sona ved Fiske. I 60-sona ved Hiksdalskrysset fekk ti sjåførar forenkla førelegg. Høgste fart blei målt til 76 km/t, opplyser Sør-Vest politidistrikt.