Vegen open igjen

Sør-Vest politidistrikt melder søndag klokka 16.17 om trafikkulukke i Stordalen, ved krysset til Skånevik. To bilar er involvert i ulukke, der ein personbil har køyrt inn i ein bubil.

Ei kvinne er frakta bort med ambulanse, etter klage på smerter. Personane som er involverte skal vera ute av bilane som står midt i vegen. Dette har ført til lengre køar, men det føregår no manuell dirigering på staden.

Bergingsbil er også på veg, melder operasjonsleiar via Twitter.