Toppskårar Bjørn Tore Lunde og resten av Ølen-laget slit med måltørke for tida. Her kunne Lunde ha utlikna til 2-2, men keeperen redda. FOTO: MAGNE SKÅNES
Toppskårar Bjørn Tore Lunde og resten av Ølen-laget slit med måltørke for tida. Her kunne Lunde ha utlikna til 2-2, men keeperen redda. FOTO: MAGNE SKÅNES

Tre strake tap

Etter tap mot Etne og Vats 94/Skjoldar i dei to første kampane etter ferien, tok Ølen torsdag imot Nord på Sr-Bank Ølen Stadion. Men Ølen slit framleis med å omsetje sjansar til teljande resultat. Derimot fann Nord vegen til nettmaskene ein gong i den første omgangen, og laga gjekk i garderoben med 0-1. Nord gjekk opp til 2-0 etter ein time, men kampen fekk nytt liv etter at Rune Torstenbø reduserte på straffespark etter omlag 75 minuttar. Men det ville seg ikkje for heimelaget. Istaden fastsette Nord sluttresultatet til 1-3 på overtid.

Naborivalen Etne hadde bortekamp mot Leirvik Ballklubb, og kampen enda 1-1. Begge skåringane kom i første omgang. Det var Sindre Kringlebotten som gav Etne leiinga etter 19 minuttar, men Leirvik utlikna ti minuttar før pause. Sjølv om Etne kom til mange sjansar i andre omgang, vart det ikkje fleire mål i kampen. Men Etne kunne i alle høve ta med seg det eine poenget, og auka forspranget på Ølen til to poeng.

Tidlegare i veka tapte Vats 94/Skjoldar 6-2 borte mot serieleiar og opprykksfavoritt Vard 2. Vats 94/Skjoldar ligg på sisteplass på tabellen, med tre poeng opp til Leirvik Ballklubb.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.