UP inndrog lappen

UP fekk det travelt då dei gjennomførte ein trafikkontroll på E134 i Skjold, nærare bestemt Isvik, onsdag kveld. I alt 15 sjåførar fekk reaksjon for brot på fartsgrensa i løpet av eit par timar. Ein av desse mista førarkortet etter å ha blitt målt med ein fart på 87 km/t i 60-sona, melder Sør-Vest politidistrikt. Det bedrøvelege resultatet kom berre to kveldar etter at politiet skreiv ut 29 fartsbøter på same staden.