Tre tyskarar redda truleg livet til venen sin under ein dramatisk hending i Langfoss torsdag.
Foto: Torstein Tysvær Nymoen
Tre tyskarar redda truleg livet til venen sin under ein dramatisk hending i Langfoss torsdag. Foto: Torstein Tysvær NymoenBilde 1 av 3
Det tyske følget som var ved Langfoss, kor ein hamna i fossen, fekk oppfølging av helse og politi ved Åkrafjordtunet.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det tyske følget som var ved Langfoss, kor ein hamna i fossen, fekk oppfølging av helse og politi ved Åkrafjordtunet. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 3
Innsatsleiar Trond Børge Åsbu gjev ros til det uheldige turfølget. — Dei gjorde alt rett då dei berga kameraten sin, seir han.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Innsatsleiar Trond Børge Åsbu gjev ros til det uheldige turfølget. — Dei gjorde alt rett då dei berga kameraten sin, seir han. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 3 av 3

— Vi trudde han var død

Tre unge tyskarar såg vennen forsvinne i den strie Langfossen. Men dei mista ikkje fatninga.

Grannar fekk snakke med alle dei fire tyske mennene i 20-årsalderen etter at han som hadde hamna i fossen var sjekka grundig av lege på Åkrafjordtunet. Mannen var nedkjølt etter hendinga, men trong ikkje tilsyn på sjukehus.

Dei fire ønskte ikkje å få namn og bilde i avisa, fordi dei ikkje ville ha større merksemd om hendinga enn naudsynt.

Eg ropa at dei måtte hjelpe meg og få meg vekk frå fossen straks

Tyskar som fall i Langfoss

Til Grannar fortel dei om ei særs dramatisk hending.

— Det var ei grusam oppleving, fortel ein av dei om den særs dramatiske hendinga, som skjedde vel 300 meter oppe i det kjente fossefallet like ved E134 torsdag.

Fjellklatrarar

Dei fire har vore i Noreg i om lag ei veke for å klatre i fjell. Natt til torsdag overnatta dei i campingbilen sin ved Langfoss og om morgonen bestemte dei seg for å gå opp den bratte stien langs fossen. Men då det var dårleg sikt, glatt og mykje vatn i fossen vade dei å stoppe etter 300 meter. Ein av dei gjekk nærare fossen for å sjå på den. Då sklei han på ein stein, hamna ned i ein kulp kor straumen straks tok tak han i og førte han ut i sjølve fossen.

Dei tre kameratane mista han ut av syne og var då sikre på at dei ikkje ville få sjå venen att i live. Men då dei ropte etter han, fekk dei svar frå kameraten som klamra seg fast til ein stein.

— Eg ropte at dei måtte hjelpe meg og få meg vekk frå fossen straks, fortel tyskaren.

Reiv av seg kleda

Venene handla raskt for å redde kameraten. Dei fann først ei grein, men då dei kom til kanten av fossen såg dei at den var altfor kort. Då reiv dei av seg kleda sine, og band dei saman og festa dei til grein.

— Vi reiv av oss alle kleda og sto praktisk talt nakne, fortel dei.

Dei måtte kaste fleire gong før dei skjønte at kameraten hadde klart å få tak og kunne bruke kleda som klatretau for å kome seg i tryggleik.

Då Grannar snakka med dei ved 14-tida var dei alle framleis prega av hendinga.

— Eg kjenner meg nokså utmatta, og føler redsel i kroppen når eg tenkjer på kva som hendte, fortel mannen som var i fossen.

Følget på fire vart dimittert etter å ha snakka med politiet og fått tilsyn av helse. Dei hadde planlagt å vere i Noreg ei stund til, men fortel at dei no må vurdere å endra på planane sine.

— Vi får sjå kva me gjer vidare, seier vennegjengen.

Får ros av politiet

Innsatsleiar Trond Børge Åsbu frå Sør-Vest politidistrikt rosar vennegjengen for oppførselen etter at uhellet var ute. Både for at dei ikkje hadde gått ennå lenger opp i det glatte fjellet, men ikkje minst for redningsaksjonen som enda så godt.

— Dei har handla raskt, og jobba godt når dei klarer å få kameraten på land berre 15 minuttar etter at han ramla ut i fossen. I tillegg var dei raske med å melde frå til naude-etatane, seier Åsbu.