Like før klokka 00.30 natt til laurdag fekk politiet melding om ei utforkøyring ved Håfoss på E134 i Etne.
Det var ein bil med båt på henger som hadde kollidert med ein hjort, og deretter hamna i ein skrent.
Sjåføren vart tatt med til sjukehus for sjekk, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.
Både bil og hengar vart liggande i skrenten, då ein ikkje ville gå i gang med berging før det var dagslys. Bilen skal vere totalskada.