Fleire fekk smekk i trafikken

Statens vegvesen gjennomførte onsdag kontrollar i både Skjold, på Innbjoa og i Vikebygd. 61 køyretøy vart kontrollerte. To bilførarar køyrde utan førarkort og fekk ei bot på 1.500 kroner kvar. To andre hadde ikkje med seg førarkort, mens ein tredje mangla vognkort til bilen. Dei tre må punge ut 500 kroner kvar til statskassa. Eit køyretøy vart avskilta grunna manglande EU-kontroll.