Det var torsdag føremiddag feil hos kundar knytt til transformatorar i Fjøsnavika, Brendeland og Aksdal, alle på nordsida av Etnefjorden.
— Vi har alle tilgjengelege mannskap ute på feilretting i dette området no, opplyser avdelingsleiar Torstein Kristiansen i Etne El-lag ved 9.30-tida.
Han anslår at mellom 30 og 50 kundar i området har vore utan straum i området på morgonkvisten.
Kan gå nokre timar
I ei melding som ble lagt ut på Etne E-lag si Facebook-side torsdag, skriv verksemda at ein må rekne med at det kan nokre timar før feilen er retta. På grunn av at nettet står i svært ulent terreng har ein venta til dagslyset kom før ein starta feilretting i området.
— Det var ikkje forsvarleg å sende montørar ut i mørket i det vêret som var i natt. Tryggleiken til dei tilsette kjem først, seier Kristiansen til grannar.
Også andre kundar til laget var utan straum i kortare periodar onsdag kveld, men dei flest fekk straumen tilbake etter kort tid.
— Ikkje rør leidningane
Etne el-lag ber folk innstendig om å ikkje røre leidningar som måtte ha hamna på bakken i uvêret. Det kan rett og slett vere livsfarlige.
— Men meld frå om slike funn til el-laget, oppmodar Kristiansen.
Også straumkundar i Vindafjord har opplevd å miste straumen som følgje av trevelt.
Haugaland Kraft Nett, som eig nettet i Vindafjord og i det gamle SØK-området, altså Ølen og Skånevik, opplyser at dei har hatt problem med ei høgspentmast i Skjoldastraumen.
Direktør for kommunikasjon og kundetenester Gunn Margareth Lassesen fortel at til saman ni kundar i deira området har opplevd utfall som følgje av trefall i lågspentnettet. Då Grannar snakka med ho torsdag føremiddag, hadde ho ikkje oversikt om nokon av desse ni er kundar i Vindafjord eller Etne.
Førebur seg på meir vind
Det er meldt meir og sterkare vind fredag.
— Me er i beredskap, og følger nøye med situasjonen og på vêrvarselet. Me er litt usikker på korleis det vil treffe oss, men er førebudd på at det kan bli meir vind enn det vi hadde nat til torsdag, seier ho.
Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel med oransje nivå for Rogaland fredag, og fare for vindast på mellom 30 og 40 sekunmeter. Dei kraftigaste vindkaste er venta nær kysten og i fjellet. Auka i vinden er venta frå 14-tida fredag.