Gjekk på stortap

Vard 2 vart for sterke i Etne.


Åsmund Norheim sendte Etne i leiinga etter halvtimen, men eit effektivt Vard 2-lag svarte med to mål før pause. Etter pause vart det etterkvart stygge siffer då Vard 2 heldt fram med å skåre på sjansane sine. Heile 1-6 vart det til slutt, og Vard 2 sikra seg med dette ei luke på åtte poeng ned til Etne.

Ølen spelte mot Stegaberg på Frakkagjerd, og den jamne kampen enda til slutt 3-3. Det stod 2-1 til pause etter at Stian Haugland skåra for bortelaget. I andre omgang netta Rune Torstenbø og Erik Egeland for raudtrøyene, som med dette resultatet legg seg eitt poeng bak Etne på tabellen.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.