Kvinne gjekk seg vill

Politiet kalla laurdag kveld ut frivillige leitemannskap etter at ei kvinne vart meldt sakna.

Kvinna skulle gå fjelltur frå Kambe til Skånevik, men vart meldt sakna då ho ikkje hadde kom fram dit ho hadde avtalt, melde Sør-Vest politidistrikt på Twitter klokka 21.36.

Då vart det leita i området ved Kambe.

Like etter klokka 22 kunne politiet melde at kvinna var kome til rette.

— Ho hadde gått seg vill, og ikkje fått varsla fordi telefonen var tom for straum. Men ho er no komen til rette, og er i god behald, seier operasjonsleiar Jøran Solheim ved Sør-Vest politidistrikt.