Politiet til russefest

Eit russearrangement i Grinde fekk mange fleire gjester enn dei som var invitert fredag kveld. Då arrangøren erfarte at flasker vart knuste og ting begynte å ta litt av, kontakta dei politiet.

Politiet fekk melding klokka 22.45.

— Patruljar var på staden fram til det roa seg ned, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

PRESISERING: Poltiet melde først at festen var i Skjold grendahus, noko vi også publiserte på grunnlag av den meldinga. Det må presiserast at festen fann stad i Grinde i Tysvær. Det får me stadfesta hos operasjonssentralen i Stavanger, som innrømmer at dei har vore utydelege om geografien i si Twitter-melding om saka.