Det var Nord som tok leiinga tidleg i kampen, men Kristoffer Grønstad og Simen Adolfsen sytte for Etne-leiing til pause. Etter kvilen løysna det skikkeleg for heimelaget, og det enda til slutt med ein 8-2-siger. I andre omgang sette Kristoffer Grønstad inn tre mål til. I tillegg kom Thomas Lien, Tøres Rullestad og Erik Hetland på skåringslista i målfesten.
Fredag spelar Vats 94/Skjoldar ein viktig kamp i botnstriden heime mot Rubbestadneset.
Les meir om kampane i måndagens papiravis.