Sindre Kringlebotten kom på skåringslista igjen i Etne sin 1-3 siger borte mot Vats 94/Skjoldar. Her i kamp med Tore B Stokka(t.v), og Johannes Urdal. Foto: MAGNE SKÅLNES
Sindre Kringlebotten kom på skåringslista igjen i Etne sin 1-3 siger borte mot Vats 94/Skjoldar. Her i kamp med Tore B Stokka(t.v), og Johannes Urdal. Foto: MAGNE SKÅLNES

Tett oppgjer i Skjold

Vats 94/Skjoldar tok imot Etne til lokaloppgjer fredag kveld, og heimelaget tok leiinga i første omgang ved Mats Isaksen. Etne hadde mange og store sjansar i omgangen, men fekk ikkje hól på byllen. Men bortelaget fekk utteljing i den andre omgangen. Først utlikna Åsmund Norheim. Så sendte Thomas Lien Etne opp i leiinga etter omlag timen spelt. Det vart dramatikk då Morten Frøland brende eit straffespark etter omlag 70 minuttar. Rett etterpå la Etne på til 1-3 ved Sindre Kringlebotten, noko som óg vart sluttresultatet.

Etne legg seg med dette på andre plass, fem poeng bak Vard 2 som leiar, men to poeng føre Ølen og Nord som kjem halsande etter. Vats 94/Skjoldar ligg på sisteplassen, med fire poeng opp til neste lag.

Ølen vann torsdag kveld 3-1 over Rubbestadnes i Ølen. Sverre Ramsfjell(2), og Rune Torstenbø str., skåra måla.

Les meir om kampane i måndagens papiravis