Trafikkuhell i Isvik

To bilar var involvert i eit trafikkuhell i Isvik onsdag ettermiddag.

Politiet fekk melding klokka 12.42. Det var ein person i kvar bil, og det er snakk om to kvinnelege førar.

Dei vart sjekka av helsepersonell på staden, men skadeomfang er ikkje kjend, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Bilane hadde så store skadar at dei vart taua vekk.