Ein sjåfør fekk førarkortet beslaglagt og 14 andre fekk forenkla førelegg då Utrykkingspolitiet hadde ein kontroll i Isvik torsdag ettermiddag.
Høgaste hastigheit vart målt til 84 kilometer i timen i 60-sona. Kontrollen gjekk føre seg både i 60-sone og 80-sone. I tillegg fekk 3 personar forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon, opplyser Sør-Vest politidistrikt.