30 deltok i leiteaksjon

Hovudredningssentralen på Sola sette i gang ein leiteaksjon etter at politiet fekk melding om at det var observert det som kan ha vore ein naudrakett over Stordalsvatnet i Etne fredag kveld.

Politiet fekk melding klokka 22. Om lag 30 frivillige deltok i leiteaksjonen.

— Det vart leita med båt, folk til fots og med ATV-ar på og langs heile Stordalsvatnet, fortel operasjonsleiar Nikolai Austrheim ved Sør-Vest politidistrikt.

Då det ikkje var gjort funn klokka 04.10 laurdag morgon, vart søket avslutta.

—Det er ikkje kome meldingar om sakna personar eller andre meldingar som kan setjast i samanheng med raketten, seier han.